Vi ynskjer velkommen til Uppved Fjellferie i Bøverdalen, Lom!

Uppved ligg i den vakre bygda Lom i hjartet av Jotunheimen, nærare bestemt på Galdesand i Bøverdalen. Vi er ei lita familiebedrift som ynskjer deg velkommen til fjellopplevelser i vår del av Jotunheimen.

Uppved er ein roleg plass med fleire små hus på eit tun. Desse har vore brukt som eldhus, smie og vedskåle. Det største huset er under restaurering og vi vil med tida starte med utleige. Plassen er roleg og usjenert for støy og stress der den ligg opp mot skogen og innunder Galdhøe. Ein god plass å vera. Uppved er eit godt utgangspunkt for turar på bre og i fjell, der vi held til ved ”foten av Galdhøpiggen.”

Bre- og fjellføring

Er du interessert i fjell-, bre-, eller turar i dalen tek vi på oss både arrangering, planlegging og guiding. Dette kan vera ein tur på ein vore mange flotte topper, ein av breane eller ein meir avslappande tur i mildt lende eller langs elva med fiskestanga.

Eksemplar på turar kan væra familietur på Galdhøpiggen, vassveg-vandring langs ein av fleire godt bevarte vassveger i Lom, ein dag i breen på feks Storjuvbreen eller ein topptur på ein av mange flotte toppar som f.eks Storebjørn, Fanaråken eller Store Hellstugutind.

Om oss

Vi som driv bedrifta er Heidi og Jan. Jan er lærar og har utdanning innan idrett og biologi. Heidi er utdanna pedagog ved Hil og vegleder i friluftsliv fra NIH. Begge har mange års erfaring med bre- og fjellføring.